Está en la página 1de 70

Personalia

1
Familie 5
Samtalar 8
På skulen 11
Kva er klokka 13
Daglege rutinar 16
Måltid 18
Butikk og klede 20
I nærmiljøet 25
Bustad og møblar 28
Transport og reiser 32
Vêr og årstider 38
Kropp og helse 42
Arbeid og yrke 47
Familie og fritid 50

Alfabetisk ordliste 55
Kort grammatikk 60
Boka er utgjeven med støtte frå
Utdanningsdirektoratet.


Forfatter og redaktør: Marie Aalen
Layout: Remi Jakobsen


Bearbeidde tekster av tidlegare Anne Grethe Aune
forfattarar: Eva Hodneland
Torill Kristin Sjo Engen
Bjørg Sandal
KAPITTEL 1 - PERSONALIA

Kapittel 1. Personalia

Namn: Maria Hansen


Adresse: Bryggevegen 4, Øvrevoll
Nasjonalitet: Cubansk

Namn: Dino Radic


Adresse: Storgata 12 b, Øvrevoll
Nasjonalitet: Bosnisk

Maria: Hei, eg heiter Maria. Kva heiter du?


Dino: Eg heiter Dino, og eg er frå Bosnia.
Kvar kjem du frå?
Maria: Eg kjem frå Cuba, men eg bur på Øvrevoll no.
Kvar bur du?
Dino: Eg bur òg på Øvrevoll, i Storgata.


KAPITTEL 1 - PERSONALIA

Eg heiter Ahmed Reza.


Eg er frå Teheran i Iran.
Eg snakkar farsi.

Eg heiter Gloria.
Eg er frå Manila på Filippinane.
Eg snakkar tagalog.

Eg heiter Dino.
Eg er frå Sarajevo i Bosnia.
Eg snakkar bosnisk.

Eg heiter Maria.
Eg er frå Havanna på Cuba.
Eg snakkar spansk.


KAPITTEL 1 - PERSONALIA

Robert Svetlana

Dino: Kven er det? Dino: Er det Gloria?


Ahmed: Det er Robert. Ahmed: Nei, det er Svetlana.
Dino: Kvar kjem han frå? Dino: Kjem ho frå Bosnia?
Ahmed: Han kjem frå England. Ahmed: Nei, ho kjem frå Russland.
Dino: Kva snakkar han, då? Dino: Snakkar ho russisk?
Ahmed: Han snakkar engelsk. Ahmed: Ja.

Grammatikk

Spørjeord:

kva
kven
kvar


KAPITTEL 1 - PERSONALIA

Gloria Juan

Snakkar du norsk? – Språk


Gloria: Heiter du Dino?
Juan: Nei, eg heiter Juan.
Gloria: Snakkar du norsk?
Juan: Litt.
Gloria: Kjem du frå Spania?
Juan: Nei, eg kjem ikkje frå Spania. Eg kjem frå Chile.
Gloria: Bur du i Bergen?
Juan: Nei, eg bur på Øvrevoll.

Grammatikk

Ja/nei-spørsmål startar med verbet.


K A P I T T E L 2 - FA M I L I E

Kapittel 2. Familie

Grammatikk
Familien til Marit
Pronomen:
Marit er frå Stavanger.
eg
Ho er lærar i norsk.
du
Ho bur i Storgata 2 på Øvrevoll. han
Ho er gift med Einar. ho
Dei har 2 barn, ei jente og ein gut. vi
de
Dei heiter Silje og Sondre.
dei
Marit har ein bror. Han heiter Sverre.
Ho har ei syster. Ho heiter Bjørg.


K A P I T T E L 2 - FA M I L I E

Kor mange?
Gloria: Kor mange barn har de, Marit?
Marit: Vi har to barn.

Eg heiter Svetlana.
Eg er gift med Arild.
Eg har ein son.
Han bur i Moskva.

Eg heiter Ahmed.
Eg er ikkje gift.
Eg har ein bror.
Han bur i Canada.

Eg heiter Dino.
Eg er skilt.
Eg har ei dotter.
Ho heiter Una.

Eg heiter Robert.
Eg er gift med Sissel.
Eg har ikkje barn.


K A P I T T E L 2 - FA M I L I E

Anne Knutsdotter
Eg heiter Anne Knutsdotter,
Kari er mi mor, og Truls han er min bror.
Vi bur oppå ein plass, der som ingen
skulle tru at nokon kunne bu.
Og plassen heiter Uren, Luren,
Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Svelt-i-hel!

Kva språk snakkar du?


Turid: Kva språk snakkar du?
Gunnar: Eg snakkar norsk, engelsk og litt tysk.
Kva språk snakkar du?
Turid: Eg snakkar norsk, engelsk, spansk og litt finsk.
Gunnar: Du kan mange språk! Er ikkje finsk vanskeleg?
Turid: Det er vanskeleg, men eg lærer. Eg går på kurs.

Anne Knutsdotter av Claus Pavels Riis (1826-1886)


KAPITTEL 3 - SAMTALAR

Kapittel 3. Samtalar

I pausen

Det er onsdag, og Maria er på norskkurs.


I pausen sit ho og snakkar med Gloria.
Gloria kjem frå Filippinane.
Gloria trivst i Noreg.

Gloria

Korleis har du det?


Gloria: Hei, Maria. Korleis har du det?
Maria: Takk, berre bra.
Gloria: Trivst du i Noreg?
Maria: Ja, eg trivst godt.

Maria

Grammatikk

Korleis har du det?
Takk, berre bra. Og du?

Korleis går det?


Takk, berre bra. Og med deg?

Korleis står det til?


Takk, berre bra. Og med deg?


KAPITTEL 3 - SAMTALAR

Grammatikk
Læraren snakkar med Robert
Mannen min
Marit: Kva er etternamnet ditt, Robert? Mannen din
Robert: Jones. Kona mi
Kona di
Marit: Kan du stave det?
Robert: J O N E S.
Marit: Bur du åleine?
Robert: Åleine... eg forstår ikkje. Kva betyr åleine?
Marit: Bur du saman med familien?
Robert: Ja, eg bur saman med kona mi.
Marit: Har de barn?
Robert: Unnskyld, eg forstår ikkje. Kan du gjenta?
Marit: Har de barn? Har de ein baby?
Robert: Nei, vi har ikkje barn.


KAPITTEL 3 - SAMTALAR

Ahmed Rosalita

Ahmed snakkar med Rosalita

Ahmed: Er det mannen din?


Rosalita: Ja, han heiter Jose.
Ahmed: Kvar er de frå?
Rosalita: Vi er frå Mexico.
Ahmed: Har de barn?
Rosalita: Ja, vi har ein son.
Ahmed: Kva heiter han?
Rosalita: Han heiter Juanito.

10
K A P I T T E L 4 - PÅ S K U L E N

Kapittel 4. På skulen

Grammatikk
På skulen
Substantiv
Robert er på norskkurs. Substantiv har tre
Han går til skulen. kjønn og ubestemt
Han helser på læraren. og bestemt form.

Robert får ei bok, ei skrivebok, ein Hankjønn:


blyant, ein penn, eit viskelêr og ein ein skule – skulen

perm av læraren. Hokjønn:


ei bok – boka

Inkjekjønn:
eit kart – kartet

Ei bok Ei skrivebok Ein blyant

Ein penn Eit viskelêr Ein perm

11
K A P I T T E L 4 - PÅ S K U L E N

Marit Robert

Grammatikk
Velkommen til skulen
Ikkje
Marit: Velkommen til skulen. Kva heiter du?
Robert: Eg heiter Robert. Marit har barn.
Marit: Vi har ein elev frå USA her. Er du òg frå USA? Robert har ikkje
Robert: Nei, eg er ikkje frå USA. Eg er frå England. barn.
Marit: Har du kone og barn her òg?
Robert: Eg har kone, men ikkje barn.
Marit: Her har du ei bok, ei skrivebok, ein blyant og
eit viskelêr.
Robert: Takk!

12
KAPITTEL 5 - KVA ER KLOKKA?

Kapittel 5. Kva er klokka?

Klokka eitt = 01.00 Klokka to = 02.00 Klokka tre = 03.00 Klokka fire = 04.00
Klokka eitt = 13.00 Klokka to = 14.00 Klokka tre = 15.00 Klokka fire = 16.00

Klokka fem = 05.00 Klokka seks = 06.00 Klokka sju = 07.00 Klokka åtte = 08.00
Klokka fem = 17.00 Klokka seks = 18.00 Klokka sju = 19.00 Klokka åtte = 20.00

Klokka ni = 09.00 Klokka ti = 10.00 Klokka elleve = 11.00 Klokka tolv = 12.00
Klokka ni = 21.00 Klokka ti = 22.00 Klokka elleve = 23.00 Klokka tolv = 24.00

13
KAPITTEL 5 - KVA ER KLOKKA?

Unnskyld, kva er klokka?


Dino: Unnskyld, veit du kva klokka er?
Ahmed: Dessverre, eg har ikkje klokke.
Dino: OK, det er greitt.

Dino: Unnskyld, kva er klokka?


Marit: Ho er halv tre.
Dino: Takk.

Dino: Unnskyld, kva er klokka?


Marit: Ho er kvart over fem.
Dino: Takk.

Dino: Unnskyld, veit du kva klokka er?


Marit: Ho er kvart på fire.
Dino: Takk skal ha!
Marit: Berre hyggeleg!

Dino: Unnskyld, kva er klokka?


Marit: Ho er fem på seks.
Dino: Takk.

14
KAPITTEL 5 - KVA ER KLOKKA?

Ei veke
Ei veke har sju dagar:
Måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag og søndag.
Kva for dag er det i dag? Det er…
Og i morgon?
Og i går?

15
KAPITTEL 6 - DAGLEGE RUTINAR

Kapittel 6. Daglege rutinar

Grammatikk
Marias dag
Verb i infinitiv og
Maria står opp klokka sju. presens:
Ho et frukost klokka halv åtte.
å slutte – sluttar
Klokka åtte går ho til skulen. å snakke - snakkar
Ho er på norskkurs frå klokka halv ni til klokka tolv.
Ho drikk ein kopp kaffi klokka halv eitt.
Klokka to begynner ho å arbeide.
Ho arbeider på eit hotell.
Ho sluttar på jobben klokka åtte.
Klokka halv ni et ho middag.
Ho les avisa klokka ni.
Klokka elleve går ho i seng.

16
KAPITTEL 6 - DAGLEGE RUTINAR

Maria et middag Maria går til sengs

Grammatikk
Når står du opp?
Verbet kjem på plass nummer 2:
Når står du opp?
Klokka sju står ho opp.
Når går du til skulen?
Ho står opp klokka sju.
Når er du på norskkurs?
I spørsmål med spørjeord kjem
Når begynner du å arbeide?
også verbet på plass nummer 2:
Når sluttar du på jobben?
Når et du middag?
Når et du middag?
Kvar jobbar du?
Når går du i seng?

Tretten, fjorten, femten, seksten, sytten, atten, nitten, tjue, tjueein, tjueto, tjuetre,
tjuefire, tjuefem, tjueseks, tjuesju, tjueåtte, tjueni, tretti, førti, femti, seksti, sytti, åtti,
nitti, hundre, hundre og ein, to hundre, tusen, to tusen...

17
KAPITTEL 7 - MÅLTID

Kapittel 7. Måltid

Frukost
Robert: Vil du ha noko å ete?
Svetlana: Eg vil gjerne ha eit glas jus, takk.
Robert: Vil du ha ost på brødskiva?
Svetlana: Ja, takk. Gjerne ost med paprika. Har du det?
Robert: Ja då. Likar du skinke?
Svetlana: Nei takk. Men eg vil gjerne ha syltetøy.
Robert: Ver så god!
Svetlana: Takk!

18
KAPITTEL 7 - MÅLTID

Robert Svetlana

Kaffi
Robert: Vil du ha noko å drikke?
Svetlana: Ja takk. Eg vil gjerne ha ein
kopp kaffi.
Robert: Vil du ha mjølk i kaffien?
Svetlana: Ja, takk. Eg likar mjølk i
kaffien.
Robert: Vil du ha sukker også?
Svetlana: Nei takk. Eg likar ikkje sukker i
kaffien.

19
KAPITTEL 8 - BUTIKK OG KLEDE

Kapittel 8. Butikk og klede

Gul Raud Blå

Svart Kvit Brun

Oransje Lilla Grøn

20
KAPITTEL 8 - BUTIKK OG KLEDE

Ein genser Ein shorts Ei jakke

Ei bukse Ei lue Eit slips

21
KAPITTEL 8 - BUTIKK OG KLEDE

Kva har du på deg i dag? Kva har du på deg i dag?


Maria har på seg ei brun jakke, Gloria har på seg ei grøn jakke, raud
ei blå bukse og brune sko. genser, grå bukser og svarte sko.
Jakka er brun, buksa er blå og skoa Jakka er grøn, genseren er raud,
er brune. buksene er grå og skoa er svarte.

Grammatikk

Adjektiv ubestemt form:

Eintal: Fleirtal:
- ein fin, ny genser - fine, nye klede
- ei fin, ny bukse
- eit fint, nytt belte

22
KAPITTEL 8 - BUTIKK OG KLEDE

I klesbutikken
Marit: Unnskyld, kvar finn eg barneavdelinga?
Dame: Der borte til høgre.
Marit: Unnskyld, kan du hjelpe meg?
Dame: Ja. Ver så god.
Marit: Eg vil gjerne sjå på jakker.
Dame: Ja, her ser du nokre.
Marit

Grammatikk
Silje står og ser på ein raud genser. Ho likar han,
men ho har ikkje pengar. Pronomen:

Hankjønn:
Silje: Mamma, kan eg få ein ny genser?
Der er ein raud
Marit: Kva kostar han? genser. Han er fin.
Silje: Han er ikkje dyr. Han kostar berre 98 kroner.
Marit: Ja, han er billig. Du kan få han. Hokjønn:
Der er ei blå
bukse. Ho er dyr.
Dame: Kan eg hjelpe dykk?
Marit: Vi vil gjerne ha ein genser. Inkjekjønn:
Dame: Kva storleik? Der er eit svart
skjørt. Det er svart.
Marit: 8 -10 år. Kan ho få prøve han?

Dame: Ja, sjølvsagt. .
Fleirtal:
Der er nokre fine
Dame: Passar han? sko. Dei er svarte.
Marit: Ja, han passar godt.
Dame: Vil de ha genseren?
Marit: Ja, takk.

23
KAPITTEL 8 - BUTIKK OG KLEDE

Marit spør ekspeditrisa


Marit: Unnskyld, kvar finn eg jakker?
Dame: Der borte til høgre.
Marit: Takk for hjelpa.
Dame: Berre hyggeleg.

24
KAPITTEL 9 - I NÆRMILJØET

Kapittel 9. I nærmiljøet

Grammatikk
Etter skulen skal Maria gå på arbeid. Gloria skal gå
heim. På vegen går ho innom butikken. Ho vil kjøpe Bestemt –
ubestemt form av
kylling til middag. Ho spør ei dame:
substantivet.

Gloria: Har de kylling? Hankjønn:
Dame: Vi har dessverre ikkje meir kylling i dag. Ein butikk -
Vi får i morgon. butikken

Gloria: Eg kan få eit halvt kilo kjøttdeig, då.
Hokjønn:
Dame: Ver så god. Ei kasse - kassa
Gloria: Takk.
Inkjekjønn:
Eit barn - barnet
Gloria finn mjølk, brød, tomatar og spagetti, og går til
kassa for å betale.

Dame: Det blir 94 kroner.


Gloria: Ver så god.
Dame: Takk.

25
KAPITTEL 9 - I NÆRMILJØET

Potet Tomat Salat

Agurk Blomkål Gulrot

Løk Reddik Purre

26
KAPITTEL 9 - I NÆRMILJØET

Maria arbeider på eit hotell. Ho kjem heim klokka


halv ni. Då er ho svolten og tørst. Svein spør ho:

Svein: Vil du ha middag? Vi har kjøttkaker, poteter og


salat.
Maria: Ja takk, eg vil gjerne ha kjøttkaker.
Svein: Kva vil du ha å drikke?
Maria: Kva har vi?
Svein: Vi har saft, vatn eller mjølk.
Maria: Eg vil gjerne ha eit glas saft.

Grammatikk

Substantiv, eintal og fleirtal:

Hankjønn:
Ein salat - salaten - salatar - salatane

Hokjønn:
Ei kjøttkake - kjøttkaka - kjøttkaker - kjøttkakene

Inkjekjønn:
Eit glas - glaset - glas - glasa

27
KAPITTEL 10 - BUSTAD OG MØBLAR

Kapittel 10. Bustad og møblar

ein einebustad Ein tomannsbustad Eit rekkjehus

Ei blokk Ei leilegheit Ei stove

Eit bad Eit kjøken Ein gang

28
KAPITTEL 10 - BUSTAD OG MØBLAR

Bustaden min
Eg heiter Anne Grethe.
Eg er gift og eg har to døtrer.
Eg bur i ein einebustad på Jessheim.
Eg bur ikkje i sentrum.
Huset mitt er grønt.
Det har to etasjar.
I første etasje er det to soverom, stove, dusj og toalett.
I andre etasje er det soverom, stove, kjøken og bad.
Vi har ein kjellar og to garasjar.

Grammatikk

Eigedomsorda min, din og vår bøyer vi i kjønn og tal.

Bilen min Bilen din Bilen vår


Blokka mi Blokka di Blokka vår
Huset mitt Huset ditt Huset vårt
Møblane mine Møblane dine Møblane våre

Eigedomsorda hans, hennar og deira bøyer vi ikkje.

Stolen hans Stolen hennar Stolen deira


Senga hans Senga hennar Senga deira
Rommet hans Rommet hennar Rommet deira
Møblane hans Møblane hennar Møblane deira

29
KAPITTEL 10 - BUSTAD OG MØBLAR

Møblar

Ein stol Eit bord Eit skåp Ei seng

Ein sofa Ein kommode Ein krakk Ei køyseng

30
KAPITTEL 10 - BUSTAD OG MØBLAR

Grammatikk

Preposisjonar:

Under, over, på, i, mellom, bak, framfor, ved sida av

På soverommet
Det henger to bilder på veggen over senga.
Det ligger noen puter på senga.
Det står et nattbord ved siden av senga.
Det står en lampe på nattbordet.
Det ligger et teppe på gulvet foran senga.
Det er ikke noe under senga.

Kva for etasje


bur du i?
Første
Andre
Tredje
Fjerde
Femte
Sjette
Sjuande
Åttande
Niande
Tiande
Ellevte
Tolvte

31
KAPITTEL 11 - TRANSPORT OG REISER

Kapittel 11. Transport og reiser

Maria tar bussen


Maria: Eg skal til Tønsberg. Kan eg ta denne
bussen då?
Sjåfør: Ja.
Maria: Kva kostar det?
Sjåfør: 140 kroner for ein vaksen.
Maria: Eg vil gjerne ha ein vaksen og eitt barn.
Sjåfør: Ver så god.
Maria

Grammatikk

Peikeord:

Vi bruker den, det og dei for å vise til ting som er


langt borte.

Kva for ein buss kan eg ta? Den der borte.


Kva for ei ferje kan eg ta? Den der borte.
Kva for eit tog kan eg ta? Det der borte.
Kva for syklar kan vi ta? Dei der borte.

Vi bruker denne, dette og desse for å vise til ting
som er nær.

Kva for ein buss kan eg ta? Denne her.


Kva for ei ferje kan eg ta? Denne her.
Kva for eit tog kan eg ta? Dette her.
Kva for syklar kan vi ta? Desse her.

32
KAPITTEL 11 - TRANSPORT OG REISER

Robert tek toget


Robert: Når går første tog til Lillehammer?
Dame: Det går 09.45
Robert: Eg kan få ein tur-retur- billett.
Dame: Ver så god.
Robert: Kva spor går toget frå?
Dame: Frå spor 14.
Robert: Takk skal du ha.
Robert

Grammatikk

Kva for ein, kva for ei, kva for eit, kva for (nokre)

Vi bruker kva for ein, kva for ei og kva for eit saman med
hankjønn, hokjønn og inkjekjønn:

Kva for ein buss skal du ta?


Kva for ei ferje skal du ta?
Kva for eit tog skal du ta?

Vi bruker kva for (nokre) med fleirtal:

Kva for nokre land har du besøkt?

33
KAPITTEL 11 - TRANSPORT OG REISER

Grammatikk
Ahmed tek taxi
Framtid:
Ahmed: Hallo. Dette er Ahmed Reza.
Om ein halv time
Kan eg få ein taxi til Storgata 34?
Om ei veke
Dame: Ja, vil du ha taxien med ein gong?
Ahmed: Nei, om ein halv time.
Dame: Greitt. Då kjem ein taxi klokka 14.30.
Ahmed: Fint. Takk skal du ha.

Omar tek fly


Omar: Kva kostar ein flybillett til Trondheim tur-retur?
Dame: Det er mange ulike prisar. Når skal du reise?
Omar: Eg skal reise om ei veke. Det vil seie neste
torsdag den 13.04 og tilbake søndag den 16.04.
Dame: Då kan eg skaffe litt billige billettar, til
kroner 1200 tur-retur.
Omar: Når går flyet?
Dame: Det går klokka 10.15 på torsdag og retur
klokka 14.10 på søndag.
Omar: Fint, då tek eg det.

34
KAPITTEL 11 - TRANSPORT OG REISER

Noreg – landsdelar, byar og fylke.


Det bur 4 612 700 menneske i Noreg (april 2005). Arealet er ca. 324 000 km2.
25 % av landet er skog, mens 3 % av landet er dyrka mark. 20% av landet ligg
meir enn 900 meter over havet, så det er mykje fjell.
Noreg har fem landsdelar: Nord-Noreg, Midt-Noreg, Vestlandet, Sørlandet og
Austlandet. Oslo ligg på Austlandet. Stavanger og Bergen ligg på Vestlandet.
Trondheim ligg i Midt-Noreg, og Tromsø ligg i Nord-Noreg. På Sørlandet finn vi
Kristiansand. Landsdelane er delte i fylke. Fylka er delte i kommunar. Det er 19
fylke og om lag 400 kommunar i Noreg.

35
KAPITTEL 11 - TRANSPORT OG REISER

Juan skriv postkort frå Trondheim

Trondheim 23.02.07

Kjære Marit!
No er eg i Trondheim på besøk hos vennen min.
Han bur i sentrum. Det er praktisk. Eg reiste
med buss og fly til Trondheim for to dagar sidan.
Det regna då eg kom fram. Vennen min henta meg
på flyplassen. Vi køyrde inn til byen. På søndag
gjekk vi på ein konsert i Nidarosdomen. Det er ei
fin, gammal kyrkje. Vi høyrde på Nidarosdomens
gutekor. Det var nydeleg musikk. På måndag
handla eg gåver til alle heime. Eg kjem heim om
to dagar.

Beste helsing frå Juan

Grammatikk

Preteritum bruker vi ved bestemte tidspunkt i fortid:
laurdag kveld, i går, klokka sju osv.

Saman med tiduttrykket for – sidan bruker vi alltid preteritum



Verbgrupper:

1. Svake verb har ending i preteritum (fortid): -a, -te, -de, -dde.
Eksempel: henta, reiste, køyrde, budde

2. Sterke verb får inga ending i preteritum og har gjerne vokalskifte:


Eksempel: vere - var, gå - gjekk

36
KAPITTEL 11 - TRANSPORT OG REISER

Mellom bakkar og berg


Mellom bakkar og berg utmed havet
heve* nordmannen fenge* sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus oppå dei.

Han såg ut på dei steinete strender;


det var ingen, som der hadde bygt.
«Lat oss rydja og byggja oss grender,
og så eiga me rudningen trygt.»

Fram på vinteren stundom han tenkte:


Gjev eg var i eit varmare land!
Men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.

*heve = har
*fenge = fått Mellom bakkar og berg av Ivar Andreas Aasen (1813-1896)

37
KAPITTEL 12 - VÊR OG ÅRSTIDER

Kapittel 12. Vêr og årstider

Det regnar Det er overskya Sola skin

Det snør Det blæs Det er kaldt

38
KAPITTEL 12 - VÊR OG ÅRSTIDER

Vêret skiftar
Måndag: Det er fint vêr i dag. Sola skin. Det er varmt.
Tysdag: I dag er det litt overskya. Det er kaldt.
Onsdag: I dag regnar det ikkje, men det er skodde.
Torsdag: Det er surt vêr i dag. Det regnar.
Fredag: I dag regnar det mykje.
Laurdag: I dag snør det litt. Det er kaldt.
Søndag: I dag er det dårleg vêr. Det sluddar.

Grammatikk

Alle setningar må ha subjekt og verb.
Når vi ikkje har noko anna subjekt,
kan vi bruke det som subjekt.

Verbet kjem på plass nr. 2


også når vi startar med eit tidsledd.
Då flyttar subjektet etter verbet.

Det er fint vêr i dag.


I dag er det fint vêr.

39
KAPITTEL 12 - VÊR OG ÅRSTIDER

Ei veke med mykje vêr - preteritum


På måndag var det fint vêr. Sola skein og det var varmt. Det likte eg.
Tysdag var det litt overskya. Det var kaldt.
Onsdag regna det ikkje, men det var skodde.
Torsdag var det surt vêr. Det regna.
Fredag regna det mykje. Eg hadde paraply.
Laurdag snødde det litt. Det var kaldt, men det var fint å sjå.
Søndag var det dårleg vêr. Det sludda. Eg prøvde å gå ut ein tur, men eg blei så våt.

Grammatikk

Verbgrupper:

Svake verb har ending i preteritum (fortid): -a, -te, -de, -dde.
Eksempel: regna, likte, prøvde, snødde

Sterke verb får inga ending i preteritum og har gjerne vokalskifte:


Eksempel: vere – var.

40
KAPITTEL 12 - VÊR OG ÅRSTIDER

Årstidene
I Noreg har vi fire årstider: vinter, vår, sommar og
haust. Om vinteren er det ofte kaldt. Om sommaren
kan det vere varmt. Om hausten regnar det mykje.

Vinter: desember, januar, februar


Vår: mars, april, mai
Sommar: juni, juli, august
Haust: september, oktober, november

Grammatikk

Vi bruker om når vi snakkar generelt:

Om dagen er det lyst.


Om natta er det mørkt.
Om sommaren er det varmt.
Om hausten er det kaldt.

Hu hei!
Hu hei! Kor er det vel friskt og lett
oppå fjellet, oppå fjellet!
Her leikar vinden i kåte sprett
oppå fjellet, oppå fjellet!
Og foten dansar, og auga ler,
og hjarta kveikjande hugnad fær
oppå fjellet, oppå fjellet

Hu hei, kor er det vel friskt og lett uppå fjellet av Kristofer Nagel Janson (1841-1917)

41
KAPITTEL 13 - KROPP OG HELSE

Kapittel 13. Kropp og helse

Eit hovud Ein hals Ei skulder Ein arm

Ei hand Ein fot Eit bryst Ein mage

Eit lår Eit bein Ein legg Eit kne

42
KAPITTEL 13 - KROPP OG HELSE

Hovudet 1

1 Eit hår
2 Ei panne
2
3 Eit augnebryn
3
4 Eit auge
5 Ein nase 4

6 Eit kinn 6
5
7 Ein munn
8 Ei hake 7

Ein rygg

43
KAPITTEL 13 - KROPP OG HELSE

Dino skal bestille time hos legen


Dame: Øvrevoll legesenter.
Dino: Hallo, dette er Dino Radic.
Dame: God dag.
Dino: Er det muleg å få time hos legen i dag, eller så
snart som muleg?
Dame: Kva gjeld det?
Dino: Eg har høg feber, og eg hostar slik at det gjer
vondt i brystet.
Dame: Når er du fødd?
Dino: Unnskyld, kva sa du?
Dame: Når er fødselsdagen din?
Dino: Tjueandre mai.
Dame: I kva år?
Dino: Nitten sytti
Dame: Tjueandre i femte, nitten sytti.
Dino: Ja, det stemmer.
Grammatikk
Dame: Det er eigentleg fullt i dag, men eg skal høyre
med legen om du kan komme likevel. Ein Når er du fødd?

augneblink... Her er eg igjen. Du kan komme
01.02.1971
klokka fire i ettermiddag. Går det greitt?
Dino: Ja, takk skal du ha. Det var fint. Då kjem eg Første i andre,
nitten syttiein
klokka fire.

44
KAPITTEL 13 - KROPP OG HELSE

Hos legen
Legen: Kvar har du vondt?
Dino: Eg har vondt i halsen.
Legen: Gap opp, så skal eg sjå.
Dino: Eg har vondt i brystet òg.
Legen: Kor lenge har du hatt det?
Dino: I ei veke.
Legen: Kle av deg litt, så skal eg lytte..…Pust inn.
No kan du puste ut. Ja, det er ikkje så bra.
Har du feber?
Dino: Ja, litt.
Legen: No kan du kle på deg, så skal du få ein resept.

Grammatikk

Imperativ

Imperativforma er lik infinitivsforma minus -e:

Du skal skrive no. - Skriv no!


Du må ikkje ete så mykje. - Ikkje et så mykje!

Viss verbet ikkje endar på -e i infinitiv, blir


imperativsforma lik infinitiv:

Kan du ta av deg? - Ta av deg!

45
KAPITTEL 13 - KROPP OG HELSE

Ordenstal
Trettande, fjortande, femtande, sekstande, syttande,
attande, nittande, tjuande, tjueførste, tjueandre,
tjuetredje, tjuefjerde, tjuefemte, tjuesjette, tjuesjuande,
tjueåttande, tjueniande, trettiande, trettiførste

Frukt og grønsaker
Kvifor er det viktig å ete mykje frukt og grønsaker?
Frukt og grønsaker innheld mange vitaminar, mineral og
fiber. Det er noko vi ofte får for lite av. Frukt og grønsaker
innheld lite feitt og energi. Det er noko vi ofte får for
mykje av.

Sunn mat
Sunn mat er viktig for helsa. På Bekkestua Ungdomsskule i
Bærum har elevane begynt å lage sunne matpakkar til alle.
Før gjekk dei i kiosken og kjøpte brus og bollar. Men no får
dei to skiver grovt brød med ost, skinke eller kalkun, frukt
og mjølk for 15 kroner i kantina.

Det er skuleklassane som sjølv lagar maten på omgang.


Katina har og blitt ein sosial møteplass for elevane, og dei
fleste synest det er eit godt tilbod. Grovt brød, mjølk og
frukt inneheld vitamin, mineral, fibrar og andre næringsstoff
kroppen treng for å halde seg frisk og aktiv.

46
KAPITTEL 14 - ARBEID OG YRKE

Kapittel 14. Arbeid og yrke

Ho er lege. Ho er sjukepleiar. Han er bonde. Han er målar.

Han er elektrikar. Han er vaktmeister. Han er rørleggjar. Han er kokk.

Han er ingeniør. Han er lagerarbeidar. Ho er IT konsulent. Han er lærar.

47
KAPITTEL 14 - ARBEID OG YRKE

Kva gjer dei?


En bonde jobber på bondegård.
En sykepleier hjelper pasienter.
En bilmekaniker reparerer biler.
En baker lager brød og kaker..
En fysioterapeut hjelper folk med vondt i musklene.
En lærer underviser på skolen.
En sekretær gjør kontorarbeid.
En servitør serverer mat
En renholder vasker gulv.
En kokk lager mat.
En ekspeditør jobber i butikk.
En sjåfør kjører bil eller taxi.

Marit er lærar
På skulen arbeider det seks lærarar, rektor,
vaktmeister og kontorhjelp.

48
KAPITTEL 14 - ARBEID OG YRKE

Har du jobb?
Simon: Har du jobb?
Fahria: Nei, eg er arbeidsledig. Jobbar du?
Simon: Ja, eg er bakar. Eg arbeider i eit bakeri.
Fahria: Kva gjorde du før du kom til Noreg?
Simon: Eg jobba på ein bilverkstad.

Grammatikk

Perfektum og
preteritum:

Vi bruker
perfektum
om fortid når
tidspunktet er
ubestemt:
Robert er bilmekanikar
Eg har vore i
Anne: Kvar kjem du frå? England.
Robert: Eg kjem frå England.
Kåre har slutta å
Anne: Kor lenge har du budd i Noreg? røyke.
Robert: Eg har budd i Noreg i to år. Først budde eg i
Drammen, men så trefte eg ei jente frå Øvrevoll. Vi bruker
preteritum når
Vi gifta oss, og så flytta eg hit.
tidspunktet
Anne: Har du jobb? er bestemt:
Robert: Ja, eg arbeider på bilverkstaden på Øvrevoll når
Eg var i England i
eg ikkje er på norskkurs. 1990.
Anne: Var det vanskeleg å få jobb der?
Kåre slutta å røyke
Robert: Nei, eg har arbeidd som bilmekanikar i mange
for to veker sidan.
år i England.

49
K A P I T T E L 1 5 - FA M I L I E O G F R I T I D

Kapittel 15. Familie og fritid

Alle treng å gjere noko i fritida. Nokre driv med


musikk. Dei syng, dansar eller spelar eit instrument.

Andre likar idrett. Dei spelar fotball eller basketball,
eller dei likar å symje. Andre synest det er morosamt å
måle eller fotografere.

Nokre likar å gå tur i helga, eller kvar kveld, mens


andre likar betre å sjå på TV, spele data, eller berre
liggje på sofaen og kvile etter jobben.

50
K A P I T T E L 1 5 - FA M I L I E O G F R I T I D

Dino fortel om då han var barn


Då eg var barn, var eg veldig aktiv.
Eg likte å gjere mange ting.
Eg spelte fotball. Eg sumde, bada og sykla.
Eg leikte med vennene mine. Vi dansa.
No gjer eg ikkje så mykje.
Eg høyrer berre på radio, les avisa og ser på TV.
Eg begynner å bli litt tjukk.
Eg må begynne å gå på tur.

Grammatikk

Når vi fortel om fortida, må vi bruke preteritum.

51
K A P I T T E L 1 5 - FA M I L I E O G F R I T I D

Familiefest
Det er fredag kveld. Barna er i seng, og nettopp no står Turid på kjøkkenet
og bakar sjokoladekake. I morgon skal dei ha ein stor fest.

Svigerfaren, Martin, fyller 60 år, og dei har invitert slekt og venner. Sonen og
svigerdottera til Martin, Nils og Turid, skal ha med seg to kaker til kaffien, og
dessutan har dei lova å kjøpe inn drikke-varer. Svigermor, Anna, skal lage
hovudretten, og Linda og Magne skal ta med forrett og dessert.

Nils gler seg til fødselsdagen. Det kan gå mange år mellom kvar gong heile
slekta er samla, men i morgon kjem dei alle saman, både tanter, onklar,
syskenbarn og nevøar og nieser. Tante Vera og onkel Svenn kjem heilt frå
England. Dei har ikkje vore i Noreg på fire år.

Grammatikk

Når vi fortel om noko vi skal gjere i Om nær framtid brukar vi ofte
framtida, bruker vi futurum. presens.

Futurum lagar vi av hjelpeverbet skal og Eg kjem snart.
eit hovudverb i infinitiv. Eg reiser i morgon.

Dei skal ha med seg to kaker.


Svigermor, Anna, skal lage hovudretten.

52
K A P I T T E L 1 5 - FA M I L I E O G F R I T I D

Når har du fødselsdag?


Ahmed: Når har du fødselsdag?
Svetlana: Tiande i tolvte.
Ahmed: I tolvte?
Svetlana: Ja, tiande desember.
Ahmed: Når har du bursdag?
Svetlana: Attande i femte.
Ahmed: Attande mai? Då har vi bursdag same dag!

Stranda, 31.august

Invitasjon
Laurdag 14. september fyller Martin 60 år.
Vi vil gjerne invitere dykk til festen. Festen
startar kl. 19.00 og skal vere i samfunnshuset.
Gi oss beskjed om de kan komme eller ikkje.

Velkommen til 60-årslag!

Helsing Anna og Martin

53
K A P I T T E L 1 5 - FA M I L I E O G F R I T I D

Per Spelmann
Per Spelmann han hadde ei einaste ku.
Per Spelmann han hadde ei einaste ku.
Han bytte bort kua, fekk fela igjen.
Han bytte bort kua, fekk fela igjen.
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi.

Per Spelmann han spela, og fela ho let.


Per Spelmann han spela, og fela ho let.
Så gutane dansa, og jentene gret.
Så gutane dansa, og jentene gret.
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi.

Og om eg vert gamal som stein under bru.


Og om eg vert gamal som stein under bru,
Så aldri eg byter bort fela for ku.
Så aldri eg byter bort fela for ku.
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi.

54
A L FA B E T I S K O R D L I S T E

Alfabetisk ordliste

adresse, ei bukse, ei
aktiv buss, ein
andre bustad, ein
andlet, eit butikk, ein
arbeidsledig by, ein
arbeidstakar, ein cubansk
areal, eit dag, ein
arm, ein dagleg
auge, eit dame, ei
augeblink, ein de
augebryn, eit dei
avis, ei deira
bad, eit dersom
bak dessert, ein
bakar, ein dessutan
bakeri, eit dessverre
barn, eit det
bein, eit din
berre dotter, dottera, døtrer, døtrene
besøk, eit drikke, ei
biff, ein du
bilete, eit dusj, ein
billett, ein dykkar
billig dyr
bilmekanikar, ein då
bilverkstad, ein dårleg
blokk, ei eg
blomstervase, ein eigen
blå eigentleg
bok, ei einebustad, ein
bokhandel, ein ekspeditrise, ei
bokhylle, ei ekstra
bolle, ein elektrikar, ein
bonde, ein engelsk
bord, eit erfaring, ei
bosnisk etasje, ein
bra etter
bror, ein etterpå
brun familie, ein
brus, ein farge, ein
bryst, eit farleg
brød, eit feber, ein

55
A L FA B E T I S K O R D L I S T E

feil, ein hans


ferie, ein haust, ein
ferje, ei hav, eit
fest, ein heil
fiber, ein heim
fin helg, ei
fjell, eit helse, ei
fjern helsing, ei
flatpakka hennar
fly, eit her
flyplass, ein hjelp, ei
for ho
forrett, ein hos
fot, ein hotell, eit
fotball, ein hovud, eit
fram hovudrett, ein
framfor hyggeleg
frisk hytte, ei
fritid, ei høg
frukost, ein høgre
frå hår, eit
full i
fylke, eit idrett, ein
fyr, eit igjen
fødselsdag, ein ikkje
først ingeniør, ein
gale innom
gammal instrument, eit
garasje, ein invitasjon, ein
gard, ein jakke, ei
genser, ein jente, ei
gift jobb, ein
gjerne jus, ein
glas, eit kake, ei
god, betre, best kald
gong, ein kalkun, ein
grad, ein kantine, ei
grov kart, eit
grøn kilo, eit
gul kinn, eit
gut, ein kiosk, ein
gutekor, eit kjellar, ein
gåve, ei kjær
hake, ei kjærast, ein
hals, ein kjøken, eit
halsinfeksjon, ein kjøleskåp, eit
halv kjøttkake, ei
han klede, eit
hand, ei klokke, ei
handledd, eit kne, eit

56
A L FA B E T I S K O R D L I S T E

kokk, ein morgon, ein


kommode, ein morosam
kommune, ein munn, ein
kone, ei musikk, ein
konsert, ein mykje, meir, mest
kopp, ein møbel, møbelet, møblar, møblane
kor møteplass, ein
korleis målar, ein
krakk, ein namn, eit
krit, eit nase, ein
krone, ei nettopp
kropp, ein nevø, ein
kursdeltakar, ein niese, ei
kva noko
kvar nokon
kven norsk
kvit nummer, eit
kylling, ein ny
kyrkje, ei nær
køyseng, ei næringsstoff, eit
lager, eit ofte
lampe, ei og
land, eit også
landsdel, ein okle, ei
lege, ein okse, ein
legesenter, eit olboge, ein
leilegheit, ei om
lenge onkel, ein
likevel oransje
lilla orkan, ein
litt ost, ein
liv, eit over
lue, ei overkropp, ein
lærar, ein overskya
lærling, ein panne, ei
lår, eit papir, eit
mage, ein paprika, ein
majones, ein pengar
mange perrong, ein
mark, ei personleg
mat, ein plass, ein
matpakke, ei pledd, eit
med populær
mellom postkort, eit
men potet, ei
menneske, eit praktisk
meter, ein pris, ein
min, mi, mitt, mine på
mineral, eit rar
mjølk, ei ratt, eit

57
A L FA B E T I S K O R D L I S T E

raud svart
rekkjehus, eit svolten
rektor, ein sykkel, ein
resept, ein syltetøy, eit
rett, ein syskenbarn, eit
rom, eit syster, ei
rosa tante, ei
russisk tavle, ei
rørleggjar, ein teppe, eit
saft, ei tidleg
salat, ein til
saman til høgre for
seng, ei til venstre for
sentrum, eit tilbake
shorts, ein tilbod, eit
side, ei time, ein
sjukeheim, ein toalett, eit
sjukehus, eit tog, eit
sjukepleiar, ein tomannsbustad, ein
sjø, ein tomat, ein
sjølvsagt tung
skinke, ei tur, ein
skive, ei turist, ein
skjorte, ei tur-retur
skodde, ei tørst
skog, ein utanom
skulder, ei utland, eit
skule, ein vaksen
skåp, eit vaktmeister, ein
slekt, ei vanleg
slektning, ein varm
slips, eit vatn, eit
smør, eit ved
snill ved sida av
sofa, ein veg, ein
sol, ei veke, ei
sommar , ein vekkjarklokke, ei
sosial venn, ein
spagetti, ein vêr, eit
spansk verdsdel, ein
spesielt vi
språk, eit viktig
start, ein vind, ein
sterk vindauge, eit
stol, ein vinter, ein
stor vitamin, eit
stove, ei vond
storleik, ein vår, vårt, våre
sunn vår, ein
sur våt

58
A L FA B E T I S K O R D L I S T E

yrke, eit å love, -ar, -a, -a


øyre, eit å lytte, -ar, -a, -a
å arbeide, -er, -dde, -dd å låne, -er, -te, -t
å bake, -ar, -a, -a å montere, -er, -te, -t
å begynne, -er - te, -t å måle, -ar, -a,-a
å bestille, -er, -te, -t å måtte, må, måtte, måtta
å besøkje, -er, -te, -t å opne, -ar, -a, -a
å betale, -er, -te, -t å oppleve, -er, -de, -d
å bli, blir, blei, blitt å passe, -ar, -a, -a
å blåse, blæs, bles, blåse å peike, - ar, -a, -a
å danse, -ar, -a, -a å prøve, -er, -de, -d
å dra, dreg, drog, drege å regne, -ar, -a, -a
å drikke, drikk, drakk, drukke å ringje, - er, - de, -t
å dyrke, -ar, -a, -a å riste, -ar, -a, -a
å ete, et, åt, ete å sakne, -ar, -a, -a
å feire, -ar, -a, -a å samle, -ar, -a, -a
å finne, finn, fann, funne å seie, seier, sa, har sagt
å flytte, -ar, -a, -a å sende, -er, -de, -t
å foreslå, foreslår, foreslo, foreslått å skaffe, -ar, -a, -a
å fortelje, fortel, fortalde, fortalt å skine, skin, skein, skine
å fotografere, -er, -te, -t å skjere, skjer, skar, skore
å fylle, -er, -te, -t å skjøne, -ar, -a,-a
å føde, -er, -dde, -dd å skrive, skriv, skreiv, skrive
å føretrekkje, føretrekk, føretrakk, føretrukke å skyte, skyt, skaut, skote
å få, får, fekk, fått å sludde, -ar, -a, -a
å gifte seg, -ar, -a,-a å snakke, - ar, -a, -a
å gjere, gjer, gjorde, gjort å snø, -r, -dde,-dd
å gå, går, gjekk, gått å sove, søv, sov, sove
å handle, -ar, -a, -a å spele, -ar, -a, -a
å heite, heiter, heitte, heitt å spørje, spør, spurde, spurt
å henge, heng, hang, hange å stave, - ar, -a, -a
å hengje, hengjer, hengde, hengt å stå (opp), står, stod, stått
å hente, -ar, -a, -a å symje, sym, sumde, sumt
å hjelpe, er, -te, -t å synast, synest, syntest, syntest
å høyre, -er, -de, - t å syngje, syng, song, sunge
å håpe, -ar, -a, -a å ta, tek, tok, teke
å innehalde, inneheld, inneheldt, innehalde å telje, tel, talde, talt
å intervjue, -ar, -a,-a å treffe, treffer, trefte, treft
å invitere, -er, -te, -t å trenge, treng, trong, trunge
å kjøpe, -er, -te, -t å trengje, -er, -de, -t
å komme, kjem, kom, komme å trivast, trivst, treivst, trivest
å koste, -ar, -a, -a å unnskylde, -er -te, -t
å kunne, kan, kunne, kunna å vakne, -ar, -a, - a
å kvile, -er, -te, -t å vere, er, var, vore
å leige, -er, -de, -d å ville, vil, ville, har vilja
å leve, -er, -de, -d å vite, veit, visste, har visst
å leggje, legg , la, lagt å ynskje, -er, -te, -t
å liggje, ligg, låg, lege åleine
å lika, -ar, -a, -a år, eit
å like, -er, -te, -t årstid, ei

59
KORT GRAMMATIKK

Kort grammatikk

Personlege pronomen
Eintal Kjønn Subjektsform Objektsform
1. person eg meg
2. person du deg
3. person Hankjønn han han
Hokjønn ho henne/ho
Inkjekjønn det det
Fleirtal
1. person vi oss
2. person de dykk
3. person dei dei

Substantiv
Eintal Fleirtal
Ubestemt Bestemt Ubestemt Bestemt
Hankjønn ein gut guten gutar gutane
Hokjønn ei jente jenta jenter jentene
Inkjekjønn et hus huset hus husa

Hankjønnsord – hovudmønster og unntak


Ord på -nad og ord som endar på -a

Eintal Fleirtal
Ubestemt Bestemt Ubestemt Bestemt
ein gut guten gutar gutane
ein søknad søknaden søknader søknadene
ein sofa sofaen sofaer sofaene

60
KORT GRAMMATIKK

Nokre hankjønnssubstantiv bøyer vi som inkjekjønn i fleirtal:

Eintal Fleirtal
Ubestemt Bestemt Ubestemt Bestemt
ein sko skoen sko skoa
ein ting tingen ting tinga

Hokjønnsord – hovudmønster og unntak


Ord på –ing og nokre vanlege ord bøyer vi som hankjønn i fleirtal:

Eintal Fleirtal
Ubestemt Bestemt Ubestemt Bestemt
ei jente jenta jenter jentene
løysing løysinga løysingar løysingane
ei elv elva elvar elvane

Inkjekjønnsord har få unnatak:

Eintal Fleirtal
Ubestemt Bestemt Ubestemt Bestemt
eit barn barnet barn barna

Vokalforandring
Ein del substantiv får ein annan vokal i fleirtal:

Eintal Fleirtal
Ubestemt Bestemt Ubestemt Bestemt
ein bonde bønden bønder bøndene
ein fot foten føter føttene
ei tann tanna tenner tennene
ei bok boka bøker bøkene

61
KORT GRAMMATIKK

Ein del substantiv forandrar vokal og får i tillegg uregelrett bøying i ubestemt
form fleirtal:

Eintal Fleirtal
Ubestemt Bestemt Ubestemt Bestemt
ein mann mannen menn mennene
ein bror broren brødre brødrene
ein far faren fedre fedrene
ei mor mora mødre mødrene
ei datter dattera døtre døtrene
ei tå tåa tær tærne

Adjektiv
Adjektiv blir bøygde i kjønn og tal i samsvar med substantivet dei står til, og dei har
ubestemt og bestemt form:

Ubestemt form Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn


Eintal ein raud hatt ei raud jakke eit raudt eple
Fleirtal fleire raude hattar fleire raude hattar fleire raude eple

Bestemt form Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn


Eintal den raude hatten den raude jakka det raude eplet
Fleirtal dei raude hattane dei raude jakkene dei raude epla

Adjektiv blir gradbøygde:

Positiv Komparativ Superlativ


fin finare finast

Nokre adjektiv får ein annan vokal i komparativ og superlativ:

Positiv Komparativ Superlativ


få færre færrast
lang lengre lengst
stor større størst
tung tyngre tyngst
ung yngre yngst

62
KORT GRAMMATIKK

Nokre adjektiv har ein heilt anna form i komparativ og superlativ:

Positiv Komparativ Superlativ


god betre best
gammal eldre eldst
liten mindre minst
mange fleire flest
mykje meir mest
ille verre verst
vond verre verst

Verb
Sterke og svake verb
Vi deler verba inn i svake og sterke verb. Dei som har ending i preteritum, kallar vi
svake verb.

Svake verb
Vi deler dei svake verba i fire klasser etter kva ending dei har i preteritum:

Infinitiv Presens Preteritum Perfektum


Klasse 1 (a-verb) å vente ventar venta har venta

Klasse 2 (e-verb) å kjøpe kjøper kjøpte har kjøpt


-te, -de å arbeide arbeider arbeidde har arbeidd

Klasse 3 (utan ending å fortelje fortel fortalde har fortalt


i presens, med
vokalendring i preteritum)

Klasse 4 å bu bur budde har budd


-dde

63
KORT GRAMMATIKK

Sterke verb har ikkje ending i preteritum. Her er nokre av dei:

Infinitiv Presens Preteritum Perfektum


å drikke drikk drakk har drukke
å ete et åt har ete
å finne finn fann har funne
å gå går gjekk har gått (gådd)
å komme kjem kom har komme
å lese les las har lese
å sitje sit sat har sete
å sjå ser såg har sett
å ta tek tok har teke
å vere er var har vore

Modale verb:

Infinitiv Presens Preteritum Perfektum


å skulle skal skulle har skulla
å ville vil ville har villa
å kunne kan kunne har kunna
å måtte må måtte har måtta

Eiendomsord
Mest vanleg på norsk er at eigedomsordet kjem etter substantivet:

Etterstilt (mest brukt) Foranstilt


Det er bokhylla mi. Det er mi bokhylle.
Det er huset mitt. Det er mitt hus.
Det er stolane mine. Det er mine stolar.
Det er bilen din. Det er dine bilar.
Det er sekken hans. Det er hans sekk.
Det er katten hennar. Det er hennar katt.
Det er huset vårt. Det er vårt hus.
Det er bilen dykkar. Det er dykkar bil.
Det er katten deira. Det er deira katt.

64
KORT GRAMMATIKK

Nokre eigedomsord har bøying:

Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtal


min mi mitt mine
din di ditt dine
sin si sitt sine
vår vår vårt våre

Spørreord
Kva og kven blir ikkje bøygd, men artikkelen i kva for ein, blir bøygd etter kva
substantiv han står til. I fleirtal bruker vi nokre i staden for artikkel.

Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtal


kva (for ein) gut kva (for ei) jente kva( for eit) barn kva (for nokre) bøker

Vi bruker kva for ei/ein/eit når vi spør etter noko spesielt, og vil spesifisere noko:

Kva for ei bok vil du ha?


Kva for ein bil liker du best?

Vi kan bruke berre kva dersom vi snakkar om noko som er meir generelt:

Kva bok vil du ha?


Kva tid kjem flyet?

65
NorskPluss serien omfattar:

Nettressurs Spor 2 og Spor 3:


Nettressursen er lagt opp i forhold til spor og nivå og dekkjer følgjande mål:
• Spor 2: nivå 1 og nivå 2
• Spor 3: nivå 1 og nivå 2
• Spor 2 og Spor 3: nivå 3

Nettressurs Spor 1:
• Lyd- og bokstavinnlæringskurs
• Ordbank med lese- og lyttetrening nivå 1-2

Arbeidsbøker:
• Arbeidsbok 1: Spor 2 – nivå 1
• Arbeidsbok 2: Spor 2 – nivå 2
• Arbeidsbok 3: Spor 3 – nivå 1
• Arbeidsbok 4: Spor 3 – nivå 2
• Arbeidsbok 5: Ei felles arbeidsbok for Spor 2 og Spor 3 nivå 3
• Arbeidsbok 6: Spor 1

Tekstbøker Spor 2 og Spor 3:


• Tekstbok 1: Spor 2 – nivå 1
• Tekstbok 2: Spor 2 – nivå 2
• Tekstbok 3: Spor 3 – nivå 1
• Tekstbok 4: Spor 3 – nivå 2
• Tekstbok 5: Ei felles Tekstbok for Spor 2 og Spor 3 nivå 3

ÅTVARING
Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med
åndsverkslova. Kopiering i strid med lov kan
føre til erstatningsansvar og inndraging og kan
straffast med bøter eller fengsel.

© CyberBook AS - 2007

También podría gustarte